TENESTER
På denne sida vil du finne informasjon om dei forskjellige tilboda til Silden Skopleie.
Gjenbruk og kvalitet er fremtida - og eg hjelper deg gjerne å vegen. Ikkje nøl med å ta kontakt, kanskje favorittskoa dine kan få eit ekstra liv!
Reparasjon
Det einaste som er mellom deg og bakken, er skoa dine. Difor er det naturleg at desse blir både skada og slitte med tida.
Med Silden Skopleie kan du få skoa reparert slik dei fortsatt kan fungere i mange år framover.
Restaurering
Skinn og lær er naturleg og organisk materiale. Dette betyr også at desse treng betydeleg forskjellige produkt og kompetanse å halde vedlike, spesielt samanlikna med syntetiske materialer.
Silden Skopleie sitt på produkt og kompetanse til å restaurere og vedlikehalde mange forskjellige typar skinn og materialer.
Skomakar
Solar og hælar er “slitedelar” på sko. Desse bør bytast og reparerast i ny og ne, spesielt før slitasjen påverkar andre delar av skoen.
Puss og rens
Du har kanskje pussa sko saman med bestefar, eller når du var i militæret. Dette gjer for all del skinnet finare, men skal ein maksimere livstida til skinnet må det både rensast, gjevast fukt, fargast, og voksast.
Farge og patina
Som med alt anna i livet, er det viktig å sette sitt eige preg på ting, så kvifor ikkje skoa eins også?
Skinn kan fargast og triksast med slik berre fantasien setter grenser.
Bestill tenester
Trykk på knappen under for å kome i kontakt med Silden Skopleie.